Boulder gjeste CR

Mæææn. Sjekk her har vi gleden av å presentere en gjeste CR fra hipsterjoikaen Kobbenes som lever drømmen i landet til dem såkalte frie på andre siden av havet. Bilder og tekst fra en roadtrip han og kona hadde i Coloraido som det heter. Tusen takk for at vårs får dele denne på drivern.

Boulder? Ja takk
Gjeste CR av: Kobbenes

I Januar 2014 flytta eg og Kona til Boston for å bli flinke akademikarar. Men, sjølv om det var eit gledelig stort klatremiljø i New England, så har dei ikkje fjell der (nei, det er ikkje eit fjell om det er skog på toppen). Difor var spenninga stor då vi sette oss på flyet for to veker i fjell-og-klatremekkaet Boulder Colorado i Juli.

Leige-SUVen brumla godt over sletta frå Denver til Boulder. Rundt oss var det paddeflatt, men ut av disen i vest steig det ei lang rad av snøkledde tindar som røyste seg brått frå prærien. Rett ved Boulder røyste dei store Flatirons sandstein-svaa seg. Vi var tydeligvis komne til Disneyland. I boulder sentrum tok vi inn atmosfæra av loslitte dreads og digeridoo blanda med akademiske vekttal og mikrobrygga øl. Dagen etterpå var det klatring!

Castle rock
På: meg og Kona
S&D: ingen ting, bailefunka på YSD 5.2/3 (redd for lyn).

Første dag i Boulder ville vi teste trad-eigenskapane. Castle Rock er av dei siste klatreområda ein køyrer forbi på I119 frå Boulder til Nederland. Det er også eit klassisk crag i Boulder si klatrehistorie. Ein gong var verdas hardaste trad-rute etablert på Castle Rock. Vi var ikkje på Castle Rock fordi vi skulle etablere verdas hardaste trad-rute. Vi var der fordi vi ikkje hadde førar, og fordi den såg kul ut med 0 meter anmarsj. Denne dagen nøya vi oss med å rote rundt på dei enklare delane, samt å baile og setje att utstyr fordi vi var så nervøse for lyn.

Til gjengjeld fikk vi rikelig med tid på den lokale superbutikken Neptune Mountaineering, der ei kjekk lita fjellgeit gav oss rikelig med tips om områdets potensiale. Amerikanaren er oppteken av å kome seg over 14000 fot, men 4267,2 meter er jo eit fullstendig ulogisk tal å måle fjell etter. Då gir 4000 meter mykje meir meining, og på fjell mellom 4000 og 4267,2 meter er det ingen amerikanarar. Så vi beslutta å gå på North Arapaho peak (4117 meter) dagen etter.

Arapaho Peaks (Alpin tur, klyving YSD 3)
På: Meg og Kona.
S&D: South og North Arapaho Peak (4083 og 4117 moh).

Det var alpin start på 4th of july-trailheaden morgonen etter (trailhead: amerikansk for "der stien byrjar"). Vi oppdaga raskt at dette med tynn luft hadde noko for seg. Så vi traska rolig opp god sti mot Arapaho Pass. Etter 3 miles (1t) tok vi av til Arapaho Glacier trail, fulgte denne opp til skuldra til South Aapaho Peak, og byrja opp ryggen mot South Arapaho Peak. Her byrja låra å bli rare og pusten å bli tung, men kl. 9.30 stod vi på sørtoppen. Her tok vi ei matpause og naut utsikta og den sinnsjukt gode tida vi hadde.

Vi rusla bortover egga, som var noko rotete og til tider eksponert, mot nordtoppen. Kona byrja å bli noko kvalm og svimmel grunna tynn luft, og det byrja å gå på HMS’en laust. Heldigvis viste det seg at ho kunne klyve som ein røyskatt (ei røyskatt foreslår Kona), og med tida til hjelp stod vi til slutt ved toppen, med den største varden i The Front Range (!!!¡¡¡¡¡). Etter litt sjokkis og high-fives tok vi oss tilbake.

Tilbake på sørtoppen var klokka allereide 12. Skumle skyer bygde seg opp i det fjerne. No, sa Kona, er det om å gjere å kome seg ned i ein fei. Ho eksemplifiserte dette med hurtig gange ned topp-røysa, med påfølgande trynings og eit stygt slag i kneet. *tordnetordne. Så då var det å hinke ned bakkane og håpe at lynet ikkje kom vår veg. Det gjorde det ikkje, og kl. 15 var vi tilbake på trailheaden etter ein meget pen tur i de tynnere luftsfærer.

Arapaho: relativt god stemning med relativt artig travers mot nordtoppen i bakgrunnen.
Arapaho: Sound-of-music-aktig høgfjellseng. Sørtoppen og glimt av nordtoppen bak.

Eldorado Canyon (12.07.2014):
På: Meg og Patrik (utvandra frå Aarvika til Junaiten).
S&D: - Long John Wall 4tl 5.8, led 3dje tl; Ignominity 3tl 5.9, som 2dremann; Mesca-line 5.7, 1tl led; Sister Morphine 5.9 1tl led.

Sidan kona hadde satt seg sjølv midlertidig ut av spel med svalestupet sitt i ura på Arapahoe, tok eg opp kontakta med svensken Patrik som eg hadde kommunisert med på den hendige sida MountainProject.com. Han tok meg med til det legendariske klatrefeltet Eldorado Canyon. Her vart eg slept opp diverse fleirtaulengder-ruter på West Ridge, og fikk virkelig kjenne på symaskinfoten når eg leda eit 5.8-layback/smøre-crux med 70 meter luft under baken. Det var kanskje første gong eg hadde laidback-smøra i mitt liv (eg kjem ikkje på nokon bulder på Harbak som har eit slikt element) så det vart meget tett sikra. Dette var mitt første møte med noget hardare trad-klatring, og eg innsåg at standarden låg meget høgd i den lokale klatrescena. Her gjeld det å ha nervar av stål, eller kanskje ikkje nervar i det heile (slik tilfellet såg ut til å vere med Patrik). Dette er disneyland for den rutinerte tradklatrar. 5.9 er på ein måte gateway-graden i Eldo (NB: sandbagged), og derifrå blir det visst berre kjekkare for kvar grad. Visst nok.

Eldo1: Pen utsikt til klassiske Red Garden frå toppen av West Ridge.

Bail på anmarsjen til First Flatiron, med påfølgande cragging på Castle Rock.
På: Meg og Kona.
S&D: West Face (5.3) Kona 1. tl., meg 2. tl.; Bailey’s Overhang (5.8) 1tl.

Eigentlig hadde vi tenkt å gå ei 8 tl.-rute på First Flatiron denne dagen, men den alpine starten vår hadde blitt forpurra då vi ved innsteget oppdaga at turledar (meg) hadde gløymt vatnet på motellet. Påfølgande kjekling og fordeling av skuld hjalp ikkje. Vi henta vatnet og stakk til Castle Rock for å få litt kjapp og fin klatring. Først tok vi revansje på West Face (5.3), der Kona leda rafft opp kjent terreng. Vi skulle vi sjå etter utstyr vi hadde satt att gongen før, men det hadde visst vore både ravn og skjærer i området, for både nøtter og karabinarar var vekk. Etter retur til bakkenivå gikk vi Bailey's Overhang (5.8, 1TL) og nesten Curving Crack (5.9) som var dritvanskelig og kjempeskummel (urgh) men veldig pen. Eg fekk revansj seinare ein dag.

Etterpå oppdaga eg at både førarkort og bankkort hadde vorte slukt på Castle Rock ein stad. Det tok to månedar å få att førarkortet, inkl utstrakt kommunikasjon med Statens Vegvesen, og besøk på Det Norske Honorærkonsulat i Boston.

First Flatiron (15.07.2014)
På: meg og Kona.    
S&D: First Flatiron (2219moh) via linkup Baker’s way (5.3) og North Arete (5.4)

På tide å sende dette forbaska landmerket. Vi byrja på ruta Baker's Way (5.3) som føl ei hylle over fronten på Flatironet, før den endar på nordegga (5.4), som ein følger vidare til topps. Bakers var ikkje det mest spennande, men egga var morsom. Ein god del av enne kunne vi ha gått løpande med joggesko, men vi nytta heller anledninga til å øve på standplassrutiner i svært pene omgivnader. På toppen kom desse skyene igjen, og vi organiserte ein kjapp 50m rappell ned baksida. I det vi fekk nappa tauet frå toppen braut det ut eit voldsomt tordenvær. Heile framsida av Flatiron’et vart omgjort til ein stor dusj. I retrospekt: Baker’s var lite interessant. Ta ei anna rute, eller berre gå nordegga, som antakelig er den finaste.

Flatiron: Kona toppar ut.

Flatiron2: Pene desse strykejerna. Nordegga til høgre.

Colorado Road Trip:
På: Meg og Kona.
S&D: Mount Evans (4348 moh), biltur; diverse turistattraksjoner i Leadville; Mount Elbert (4399moh), fjelltur. med bil.

Etter nokre dagar i Boulder var det på tide å sjå seg litt rundt i Colorado. Vi la turen mot sørvest, der det etter sigende skulle vere sjåverdigheiter. Første sjåverdigheit var Mt. Evans. Det er eit rimelig høgt fjell med det amerikanske særmerket at ein kan køyre heilt opp. Det er faktisk USA sin høgste bilveg (!). Mt. Evans har også noko så sjeldan som eit roadside alpint crag. Her er det både trad, snø, is og mix som på reinaste høgfjellet, 4000 moh rett ut av bilen. Det fikk ikkje vi anledning til å prøve oss på denne gongen, men granitten her såg finfin ut, og vi såg fleire nydelige renner som framleis hadde snø. Kjem eg tilbake til Colorado så skal eg garantert legge turen innom her!
Etter å ha bestege Mt. Evans med bil lurte eg og Kona på kva som var neste ferieeventyr i Colorado. Kona ville gjerne sjå Aspen, som etter sigende har av dei høgste boligprisane i USA. Etter køyring opp og ned frå fjellpass og djupe dalar med imponerande fjelltoppar byrja det å bli seint. "Her er det ein by, der kan vi stoppe", sa Kona, og vi svinga av til byen Vain. Vi lukta raskt lunta. Vain sin bebyggelse var stort sett Marriot Plastic Plaza mm. og menneska her var kledd i semska mokkasinar og boblevest. Dette var ingen verande stad. Vi tok tak i den einaste vi såg med langt hår, og spurte om han visste om ein koselig stad i nærleiken. Leadville var svaret. Der var det fint. Så vi hoppa i bilen og køyrde inn i natta over høge V
Vi vakna opp i ein vakseekte vill-vest-by 3000 moh i eit slags Rondane på steroidar. Påfølgande dag gjekk med på å lære om Leadville si edle gruvehistorie i sølv og gull, med dei påfølgande fargerike menneskelige tragediane det medførte. Det var ikkje før på kvelden vi oppdaga at fjellet vi såg frå vindauget var sjølvaste den milde kjempen Mt. Elbert. Mt. Elbert er " the 2nd highest peak in the continous USA", dvs det ekte Amerika bortsett frå Alaska og anna rask.  Dagen etterpå tusla vi på Mt. Elbert. Meget pen utsikt, og færre og færre turistar med høgdemeterane. Leadville-området er visst kjent for gode skiforhold. Sidan det ligg vegg i vegg med Aspen og Beaver Creek så gir vel det ei slags meining.

Leadville. Beautiful Leadville med Mt. Elbert til venstre og Massive Peak til høgre.

Leadville. Man kan framleis finne edle metall som gull, sølv, tinn, bly, grus og småstein i grunnen i Leadville.

Longs Peak ad Kiener's Route (Alpin klatring)
På: Meg og Rudy.
S&D: Kiener’s Route (II 5.3 lett snø) til Long’s Peak (4345).

Tida var komen for Colorado-ferien sitt alpine høgdepunkt: Longs Peak ad Kiener's Route. Kort sagt: Long's Peak er den nordligaste av 14K-footerane i Colorado, og eit ynda mål for turistar som vil bli trefte av lyn eller fryse ihel. Longs Peak-området er også den alpine leikegrinda for klatrarane i Boulder-området, med mange alpine ruter, samt ein nydelig stor vegg (The Diamond) som byr på fleire dritharde klatreruter i over 4000 meters høgde. Ein kan bli gåen av mindre.
Kiener's route går opp ei snørenne (Lamb's Slide, 40-50gr helling, ca 200 høgdemeter?), bortover ei den tider tynne og eksponert hylla Broadway, opp ei lang og rimelig enkel taulengde, diverse høgdemeter med noko teknisk men morsom klyving, før den rundar av rett over Diamanten, og endar på toppen sjølv. Ei klassisk alpinrute med mange element - ingen for vanskelige, men samansett nok til at folk rotar seg vekk her år etter år.
Eg fann meg den lokale alpinisten Rudy på MountainProject. Han var keen på tur. Vi starta friskt med avgang frå boulder kl. 02, og var på trailheaden kl. 03. Her var det allereide full aktivitet av folk som skulle gå den meget populære standardvegen Keyhole Route. Vi fikk bra driv oppover den 6 miles lange anmarsjen, der det gikk frå stjerneklart til nydelig soloppgang over Longs Peak-massivet. Så var det på med stegjern og fram med isøksa og opp Lamb's slide. Her vart det raskt klart at å gå bratt i over 3500 moh er rimelig tungt for låra. Men, vi kom oss rimelig raskt opp utan å få stein i hovudet, som er den største faren her.
Turen gikk vidare bortover den eksponerte hylla Broadway. Her var Rudy keen på å soloere, men brått vart det meget marginale marginar, og eg bad om at tauet vart pakka ut. Vi gikk løpande den siste delen av hylla, der det til tider var 300 meter frå baken min til neste punkt på jordens overflate. Så leda Rudy kjapt opp 50 meter 5.3-klatring. Dette er eit uoversiktlig terreng, og mange havnar i langt vanskeligare lende. Godt potensiale for tidsbruk og symaskinfot. Veit ein kvar ein skal klatre, er det derimot rimelig trivielt.
Deretter var det ein lang og bratt klyvedel til toppen. Klyvinga var variert og artig, og vi valde også å gå siste opptaket, The Staircase, solo, då det var vel innafor. Mange brukar tau på denne delen. Klyvedelen var bratt og særs sugande på lår og leggar i den tynne lufta. Også her er det fint potensiale til å gå seg vill.
Vi toppa ut over Diamanten i eit fantastisk vær på den meget fornøyelige tida 6 timar. Ting gikk knirkefritt (mykje pga Rudy), og vi stod på toppen klokka 9, der vi mottok smigrande ord frå turistane som hadde ankome via Keyhole. Slik godorda hagla var det ingen hast med å pakke ned klatreutstyret.
Etter litt sjokkis og high-fives gikk vi ned på nordsida av Diamanten. Dette er ei vanlig returrute for klatrarar. Den er kjappare enn Keyhole, og inneheld ein 35-m rappell (samt litt nedklatring, 4-5 meter grad 3?). Men ruta går over eit komplisert sva-landskap, og det er ikkje rett fram å finne rappellfestet om ein ikkje veit kvar ein skal leite. Så om ein er usikker er det like greit å returnere via Keyhole.
Sidan vi hadde så innmari god tid (klokka 10:30 var vi allereide på god veg ned frå toppen) foreslo eg (i god Peakbook-ånd) at vi også kunne ta med fortoppen Mount Lady Washington, som er ei einaste steinur. Låra var dritsure, men utsikta over Kieners var fantastisk herifrå. Deretter gikk returen over stein på stein tilbake til stien. Vi var tilbake på trailheaden kl. 13, etter 10 meget effektive og spennande timar på tur.

Kieners-broadway. På Broadway med The Diamond bak. Etter sigende går det nogen meget utfordrende islinjer på svaa opp til Broadway om vinteren. Men det er lenge til. No er det blomster og kolibriar som dominerar.

Kieners: Ruta!

Boulder: den komplette fjellsportbyen?
Oppsummert så var to veker i Boulder og Colorado svært fornøyelig. Boulder er ein god kandidat til å vere den komplette fjell-by. Her er det fantastiske fjellturar, klatreruter (trad, buldring, alpint) etc etc både sommar og vinter innan rimelig avstand. Til alt overmål så er det enkelt å finne lokale folk å klatre med. Været er rimelig likt kvar dag: sol på formiddagen, og tordenbyger på ettermiddagen. Så då er det berre å kome seg ut av senga og dure på tidlig på dag, og nyte Boulder si avslappa stemning og gode resturantar på ettermiddagen. 

For mer #hipster #joika #hipsterjoika #hipzter #hipzterjoika sjekk: http://peakbook.org/kobbenes

3 comments:

  1. Sjukt hipp rapport!

    ReplyDelete
  2. Anonymous3:46:00 PM

    KOzeligt! Det påstås av enkelte europere at alt er sandbagged i Unaiten, men det skyldes nok kulinarisk kultursjokk og påfølgende ubemerket "masseøkning"

    ReplyDelete